Vaksdal kommune Daletunet Helsehus

Vikariat for sjukepleiar i 70% stilling

Vi har ledig 70% vikariat som sjukepleiar, ved fjerde etasje på Daletunet. Arbeid kvar 3. helg.

Oppstart i midten av februar 2022, med varigheit eitt år.

Du blir ein del av eit kjekt team. Me har eit godt arbeidsmiljø og eit meiningsfullt arbeid. Du arbeider tett på paseintar og får følgje dei tett opp.

Om arbeidsstad

Helsehuset på Dale. Daletunet institusjon har ei avdeling som består av langtidspasientar, pasientar på korttid og personar på avlastning

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse innan rehabilitering/korttidsavdeling

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.

  • Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus
  • Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
  • Du må takle å stå i interessekonfliktar og har høg arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Me gjev uttelling for relevant etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Søknadsfrist:

01.10.2021

Arbeidsstad:

Vaksdal kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kontorlokalisering