Vaksdal kommune

Badevert/badevakt deltid

Vaksdal kommune har ledig deltidsstilling som badevert i folkebadet på nye Dale Skule.

Vi gler oss til opning av det nye folkebadet på Dale, og søkjer i den anledning etter badevertar til deltidsstilling og som tilkallingsvikar.

Våre nye badevertar vil alltid arbeide i eit team på to personar. 

Arbeidet vert timeløna etter timelister og vil vera på ettermiddag- og kveldsstid.

Hovudsakleg vert det arbeid på måndag, tysdag og onsdag, med arbeidstid om lag mellom klokka 16.00-20.30.
Arbeidstidene kan verte noko endra.

Er du over 18 år, ansvarsfull og symjedyktig? 

Arbeidsstad:

  • Folkebadet i Vaksdal kommune

Arbeidsoppgåver

  • Vera badevert i folkebadet for ulike brukargrupper 
  • Vera med på å sikre eit trygt og reint folkebad
  • Reingjering

Krav til kompetanse

  • Søkjar må vera over 18 år
  • Du må kunne symje godt
  • Ha kurs i livredding eller vera villig til å ta kurs
  • Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull og påliteleg
  • Imøtekomande 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-konsulent: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Kveld

Søknadsfrist:

30.09.2021

Arbeidsstad:

Vaksdal kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kontorlokalisering